mandag 25. februar 2013

Enkel trerettars middag

Her kjem oppskrift på ein enkel trerettars middag du gjerne kan lage om du ønskjer å kosa deg litt ekstra med eit måltid - utan at det tek for mykje tid å førebu og laga til.

Alle oppskriftene er nok til to personar

Forrett - ost og kjeks

2 store kjeks
ein god dessertost
strandaskinke, tørka aprikos, sjalottlauk og raudvinseddik (sjå oppskrift lengre nede!)

  • Legg to store kjeks på kvar sitt fat
  • skjer ost i skiver og legg på kjeksa
  • Ta litt av skinke- og aprikosblandinga og hell over osten
Server straks!



Hovudrett - baconsurra kylling, mandelpoteter med persilade og havsalt, grønsaker, skinke- og aprikosblanding og karrisaus

2 kyllingfiletar
2 baconstrimler
salt og pepar
smør til bruning

  • Smelt smør på ei steikepanne, ha salt og pepar på filetane og brun dei på alle sider
  • Surr ei baconskive rundt kvar filet
  • legg filetane over i ei eldfast form og stikk eit termometer inn i fileten på det tjukkaste punktet
  • steik på 150 grader til filetane får ein kjernetemperatur på ca. 60 grader
  • kok ut steikepanna med 2 dl vatn slik at du får kyllingkraft til sausen
  • Når kyllingen er ferdig steikt, skjerer du den i skiver

8-10 mandelpoteter
havsalt og persilade
olivenolje til bruning

  • Kok potetene i ca. 10 min (dei skal vera litt motstandsdyktige når du stikk ein kniv i dei)
  • Sil av vatnet og ha på havsalt og persilade etter eigen smak
  • hell over ca. 1 dl olivenolje og brun potetene på middels varme i ca. 10 min

100 g rosenkål (fersk)
1 gulrot i strimler
1/2 raud paprika i strimler
salt
olje til woking

  • varm litt olje i ei wokgryte/steikepanne
  • ha grønsakene i gryta med litt salt på. Wok dei i 3-4 min

50 g strandaskinke i biter
50 g tørka aprikos i biter
2 sjalottlauk
raudvinseddik
smør til bruning
  • Skjer sjalottlauken i små bitar og brun den lett i litt smør
  • Ha uti skinka og aprikosen og brun i ca. 2 min
  • Hell over raudvinseddik til det dekkar blandinga
  • La småkoke i 15-20 min (raudvinseddiken skal koka inn ein god del)

2 dl kyllingkraft
1 dl mjølk med 1-2 ss kveitemjøl
litt paprika i små biter
4-5 ss karri
litt salt
1 ss youghurt naturell

  • kok opp krafta og ha ui mjøljamninga
  • kok opp og ha uti paprika
  • Smak til med salt og karri
  • Ha youghurten uti rett før servering (youghurten skal ikkje koke)



Dessert - kiwi og blåbær med vaniljekesam og brunt sukker
kiwi
blåbær
vaniljekesam
brunt sukker

  • skjer kiwi i små biter
  • ha kiwi og blåbær i to skåler
  • hell vaniljekesam på og dryss litt sukker over
Mengden her tilpasser du etter eige ønskje

 
~Solfrid~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar