fredag 22. februar 2013

Solsikkebriks

Endeleg har eg fått ein stor kasse til alle oppskriftene mine (att med gyngestolen så klart!) - så no kan eg leite etter ny inspirasjon i matvegen nesten når det måtte passa meg! I dag vart det difor bakt litt i heimen;

Solsikkebriks
ca. 16 stk.

50 g gjær (fersk)
5 dl lettmjølk
1/2 beger kesam
1/2 beger youghurt naturell
1 ts salt
1 dl solsikkekjerner
6 dl grovbakstmjøl
1 l kveitemjøl

Pensling og dryss:
Vatn
4 ss solsikkekjerner



Framgongsmåte;

  • Lunk mjølka til 37 grader. Løys opp gjæren i mjølka.
  • Bland alt det tørre i ein bolle. Ha youghurt og kesam saman med det tørre.
  • Rør inn mjølk og gjær.
  • Set deigen til heving i ca. 30 min (eg pleier setja deigen min i stova framfor omnen - då hever den seg veldig bra)
  • Bak ut briksane ved å dela deigen i ca. 16 emne og trill desse ut til avlange bollar.
  • Legg briksane på steikebrett og set til etterheving i ca. 20 min
  • Varm omnen til 225 grader
  • Pensl briksane med vatn og dryss litt solsikkekjerner over
  • Steik midt i omnen i ca. 15 min
  • Avkjøl på rist

Eignar seg godt til frysing. Super å tina til frukost eller som tilbehør til middag ein dag - eventuelt ein betre lunsj?

 
~Solfrid~

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar