fredag 30. november 2012

Boktips og oppskrift på varm sjokolade!

I utgangspunktet er dette ein blogg eg legg ut oppskrifter og prosjekt eg lagar sjølv, men eg har også sagt at det av og til kan koma eit og anna tips frå mi side. I dag er ein slik dag (slenger med ei lita oppskrift for å ikkje avvika heilt for normen på bloggen)! Tenkte å tipsa dykk og ei god krimbok (i alle fall etter min smak) - kanskje eit julegåvetips (til deg sjølv eller andre)? Skal du lesa boka sjølv, smakar det jo veldig godt med ein kopp varm sjokolade i lag med (særleg sånn som no når det snør ute og!).

Boka er i alle fall; Kristina Ohlosson, "englevaktene". Omtale; En ung kvinne blir funnet drept og partert i et skogsområde utenfor Stockholm. Hun blir identisert som Rebecca Trolle, en litteraturstudent som forsvant tre år tidligere.

Mens Alex Recht og hans etterforskere prøver å forstå hva som gjorde at Rebecca fikk en så voldsom skjebne, gjøres flere funn på åstedet: Det rommer hemmeligheter som viser seg å være flere tiår gamle.

Samtidig, på et aldershjem i nærheten, sitter en slagrammet og stum barnebokforfatter. Hun dukker stadig opp i etterforskningen, men sier forsatt ingenting.

Sporene leder politiet til den mørkeste sannhet. For hovedetterforskeren Fredrika Bergman blir marerittet fullkomment da hennes elskede Spencer dras inn i saken. Etter hvert som gåten nærmer seg en oppklaring, råder en stadig dystrere stemning i etterforskningsgruppen. Hvem blir den neste til å bli lagt i graven? (Gyldendal).

Eg var hekta frå første stund - så om du også er glad i krimlitteratur, trur eg du vil lika denne boka!




~Solfrid~

torsdag 29. november 2012

Kyllingsuppa med nanbrød

I går lagde eg kyllingsuppa og prøvde meg på nanbrød for første gong. Men, for dei som kanskje eigentleg veit kva nanbrød er og korleis ein lagar dette, så får de ha meg unnskyldt! Eg leita og leita etter oppskrifter og framgongsmåtar - og til slutt endte eg opp med min eigen variant basert på tre andre oppskrifter. Uansett kva me skal kalla brøda, så smakte dei i alle fall godt til slutt. Og det er vel det viktigaste eller? :)

Kyllingsuppa (til 2 personar):
Ca. 500 g kyllinglår, oppskjert
Olje til bruning
1 ts karry
1/2 ts salt
1 krm kajennepepar
4 dl kyllingbuljong (vatn + terning)
1 dl hakka, soltørka tomat
1-2 ss hakka persille
100 g pasta

Brun kyllingstykka i olje i ei gryte til dei får litt gyllen farge. Ha på krydder, og hell i buljongvatnet. Kok under lokk i ca. 15 min. Kok pasta etter instruksjon på pakka. Ha soltørka tomat i gryta etter 15 min. Ha hakka persille og ferdig pasta på rett før servering.

 
Nanbrød
1 dl lettmjølk
1 dl surmjølk
2 ss sukker
25 g gjær (1/2 pk)
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 ts kvitlaukspulver
4 ss olivenolje
3 dl yoghurt naturell
600 g kveitemjøl
 
Varm mjølka og sukkeret til 37 grader og løys opp gjæren. La stå i ca. 20 min.
Bland resten av ingrediensene i ein bolle. Ha mjølka over blandinga etter ca. 20 min. Elt deigen godt, gjerne i kjøkkenmaskin. La deigen heva til dobbel storleik (ca. 1 time). Set steikeomnen på 275 grader. 
 
Del deigen inn i seks like store emne. Trykk emna flate, og kjevl dei til ca. 1/2 cm tjukkelse. Legg emna over på eit steikebrett med bakepapir på.  Steik midt i omnen i 3-5 min. Snu emna ein gong i løpet av steiketida. Nb! Føl med så brøda ikkje vert svidd (steiketida kan nok variera ein del frå omn til omn!).
 
 
 
 

onsdag 28. november 2012

Ananas og kesam - enkelt, men godt!

Dei som kjenner meg, har vel etterkvart skjønt at eg er glad i frukt og bær - gjerne i kombinasjon med kesam eller cottage cheese. Men kvifor ikkje? Det smakar jo godt, og sunt er det jo og (i alle fall stort sett - vær forsiktig med sukkeret så går det nok bra!). Eg lagar gjerne dette til dessert, kvelds eller som eit mellommåltid.

Du treng;
Ananas






Vaniljekesam eller vanleg kesam

Brunt sukker  
Skjer ananasen i biter og ha oppi ei skål. Ha 1-2 ss kesam oppå og dryss ca. 1 ts brunt sukker over. Ha skåla i mikroen i ca. 1 min. Og vips, så har du ein ferdig rett på 1,2,3;
 
 
 
~Solfrid~
 

tirsdag 27. november 2012

Bjørkehjarta - fin gåve, fin å ha sjølv!

For nokre veker sidan var eg på kurs/inspirasjonskveld på den lokale blomster- og interiørbutikken, då lærte eg meg omsider korleis eg skal laga bjørkehjarta (noko eg har hatt lyst til lenge, men så var det å gjera det i praksis då...). Det såg jo så klart, veldig lett ut når kurshaldaren viste det. Og, hurra! Det var faktisk veldig lett å gjera det sjølv og! Mannen var relativt skeptisk til at ei bjørk kunne ha annan nytteverdi enn til ved, men han vart med meg ut å klipte bjørkegreiner (er ikkje så lett å klippa så mykje med ei lita i bæresele - elles så trur eg dei fleste kjem i frå den klippinga altså!).

Me klippte relativt lange greiner (ca. 50-70 cm). Eg fordelte greinene i to like store bunter og festa dei med litt streng for at dei skulle vera enklare å arbeida med. Så forma eg eine bunten som eit halvhjarta, og surra streng rundt heile (pass på at det stikk minst mogleg greiner ut her og der). Gjer det same med andre bunten. Legg deretter buntane saman slik at du får den forma du sjølv ønskjer på hjarta, og fest alt med enno meir streng (går litt streng med til dette). Eg laga eit lite oppheng med streng sidan eg hengte hjarta på inngongsdøra vår. Slik vart det ferdige resultatet (heng der så fint og ventar på å verta pynta til jul?!).






Ein kan laga bjørkehjarta i ulike storleikar og fasongar, eg kjem nok til å laga nokre mindre variantar fram mot jul - sikkert med litt meir julepreg enn denne. Bilete og framgongsmåte kjem.

Hjarta er kjekt å ha sjølv, og kjekt å gje i gåve. Kanskje du skal laga nokre julegåver sjølv i år?


Solfrid 

mandag 26. november 2012

Ny bloggplatform!

Eg har vore i permisjon i ni månadar no snart, og (naturleg nok) begynte også eg å blogga litt i juli månad. Den gong ein rein oppskriftsblogg på matprat.no sine bloggsider. Eg vart aldri heilt tilfreds med bloggkonseptet der, og i tillegg fann eg ut at dette var kjekt og eg kunne tenkt meg å dela litt andre ting enn berre matoppskrifter. Difor sit eg no - noko uvitande om kva dette er (vert), men eg tenkjer å dela litt av mine hobbyprosjekt - i tillegg til matoppskrifter så klart!

Eg skal ikkje skryta på meg nokon som helst ferdigheitar innan det eine eller det andre, sett vekk i frå at eg reknar meg sjølv som rimeleg habil på matlaging. MEN, eg likar å sy, laga dekorasjonar (helst med inspirasjon/innslag av naturen), laga bilete av ymse slag (men eg er ingen kunstnar, sånn at det er sagt!) og elles det som fell meg inn. Eg nyttar sjølv ulike bloggar til inspirasjon når eg skal til med eit nytt hobbyprosjekt og når me bygde hus for tre år sidan (i grunn enno når eg tenkjer meg om - hender jo at me omøblerer/bur oss meir inn). Eg håpar eg kan vera eit av mange bloggbidrag, som kanskje kan inspirera/tipsa nokon andre der ute? :) Det er vel berre slik verda har vorte - bloggar er vel (nesten) det beste leksikonet (vær litt kjeldekritisk då! Men...) me har i 2012? :)

Eg kan ikkje lova blogginnlegg kvar dag - ei heller ønskjer eg å skriva om alt som skjer i mitt liv. Når eg har tid og lyst kjem det difor gjerne eit bidrag frå mi side. Håpar nokon kan ha interesse av mine bidrag når dei kjem :) Tenkjer at tida fram mot jul, truleg er ei tid der Solfrid kan setja i gong med ymse hobbyprosjekt - som kanskje fleire enn meg sjølv kan ha glede av? Forhåpentlegvis!


~Solfrid~