Eg skal ikkje skryta på meg nokon som helst ferdigheitar innan det eine eller det andre, sett vekk i frå at eg reknar meg sjølv som rimeleg habil på matlaging. MEN, eg likar å sy, laga dekorasjonar (helst med inspirasjon/innslag av naturen), laga bilete av ymse slag (men eg er ingen kunstnar, sånn at det er sagt!) og elles det som fell meg inn. Eg nyttar sjølv ulike bloggar til inspirasjon når eg skal til med eit nytt hobbyprosjekt og når me bygde hus for tre år sidan (i grunn enno når eg tenkjer meg om - hender jo at me omøblerer/bur oss meir inn). Eg håpar eg kan vera eit av mange bloggbidrag, som kanskje kan inspirera/tipsa nokon andre der ute? :) Det er vel berre slik verda har vorte - bloggar er vel (nesten) det beste leksikonet (vær litt kjeldekritisk då! Men...) me har i 2012? :)
Eg kan ikkje lova blogginnlegg kvar dag - ei heller ønskjer eg å skriva om alt som skjer i mitt liv. Når eg har tid og lyst kjem det difor gjerne eit bidrag frå mi side. Håpar nokon kan ha interesse av mine bidrag når dei kjem :) Tenkjer at tida fram mot jul, truleg er ei tid der Solfrid kan setja i gong med ymse hobbyprosjekt - som kanskje fleire enn meg sjølv kan ha glede av? Forhåpentlegvis!
Gratulera med ny blogg! Berre håpar du ikkje kjem med altfor kjekke hobbyprosjekt... Ei viss fare for at eg let meg inspirere, og lista over juleprosjekt byrjar alt å bli lang...;)
SvarSlettGleder meg til å følgja med!
Takk for det :) Hehe, er vel ein fare for at lista mi også er litt for ambisøs... Så trur ikkje den vert offentleggjort... Det eg rekk får halda :)
SvarSlett