Me klippte relativt lange greiner (ca. 50-70 cm). Eg fordelte greinene i to like store bunter og festa dei med litt streng for at dei skulle vera enklare å arbeida med. Så forma eg eine bunten som eit halvhjarta, og surra streng rundt heile (pass på at det stikk minst mogleg greiner ut her og der). Gjer det same med andre bunten. Legg deretter buntane saman slik at du får den forma du sjølv ønskjer på hjarta, og fest alt med enno meir streng (går litt streng med til dette). Eg laga eit lite oppheng med streng sidan eg hengte hjarta på inngongsdøra vår. Slik vart det ferdige resultatet (heng der så fint og ventar på å verta pynta til jul?!).
Ein kan laga bjørkehjarta i ulike storleikar og fasongar, eg kjem nok til å laga nokre mindre variantar fram mot jul - sikkert med litt meir julepreg enn denne. Bilete og framgongsmåte kjem.
Hjarta er kjekt å ha sjølv, og kjekt å gje i gåve. Kanskje du skal laga nokre julegåver sjølv i år?
Solfrid
"Mannen var relativt skeptisk til at ei bjørk kunne ha annan nytteverdi enn til ved" HAHA! Kva er det med denna gjengen og ved?!
SvarSlettMen bjørkehjarta var stilig, då! Spent på julebjørkehjartene, eg ;)
Hehe, dei er nok spesielt interessert eller noko i den dur:)
SvarSlettTakk, eg og i grunn :) Får sjå kva eg kan få til:)