Kyllingsuppa (til 2 personar):
Ca. 500 g kyllinglår, oppskjert
Olje til bruning
1 ts karry
1/2 ts salt
1 krm kajennepepar
4 dl kyllingbuljong (vatn + terning)
1 dl hakka, soltørka tomat
1-2 ss hakka persille
100 g pasta
Brun kyllingstykka i olje i ei gryte til dei får litt gyllen farge. Ha på krydder, og hell i buljongvatnet. Kok under lokk i ca. 15 min. Kok pasta etter instruksjon på pakka. Ha soltørka tomat i gryta etter 15 min. Ha hakka persille og ferdig pasta på rett før servering.
Nanbrød
1 dl lettmjølk
1 dl surmjølk
2 ss sukker
25 g gjær (1/2 pk)
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 ts kvitlaukspulver
4 ss olivenolje
3 dl yoghurt naturell
600 g kveitemjøl
Varm mjølka og sukkeret til 37 grader og løys opp gjæren. La stå i ca. 20 min.
Bland resten av ingrediensene i ein bolle. Ha mjølka over blandinga etter ca. 20 min. Elt deigen godt, gjerne i kjøkkenmaskin. La deigen heva til dobbel storleik (ca. 1 time). Set steikeomnen på 275 grader.
Del deigen inn i seks like store emne. Trykk emna flate, og kjevl dei til ca. 1/2 cm tjukkelse. Legg emna over på eit steikebrett med bakepapir på. Steik midt i omnen i 3-5 min. Snu emna ein gong i løpet av steiketida. Nb! Føl med så brøda ikkje vert svidd (steiketida kan nok variera ein del frå omn til omn!).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar