Her kjem ei oppskrift som kanskje kan vera eit alternativ til kjøtdeigpizzaen ein laurdagskveld? Ikkje at det er noko gale med den - men av og til er det godt med ein vri.
Pizza til 4-5 personar
Grov pizzabotn:
230 g kveitemjøl
250 g mjøl til finbakst
250 g grovbakst mjøl
1 ts sukker
2 ts tørrgjær (ca. 20 g fersk gjær)
1 ts salt
3 ss olivenolje
4 1/2 dl lunka vatn
Bland alt det tørre i miksarskåla til kjøkkenmaskina. Ha uti olivenolje og lunka vatn og set miksaren på. Elt godt i 5-10 min. La deigen heva i ca. 1 time. Kle eit steikebrett med bakepapir, strø litt mjøl på bakepapiret og kjevl deigen ut til ein firkanta pizzabotn (dersom du synes botnen vert for tjukk med denne oppskrifta kan du ta av litt deig og bruka det til rundstykker, pizzabollar/horn e.l.) La pizzaen etterheva medan steikeomnen vert varm (225 grader). Steik i ca. 20 min.
Fyll:
2 kyllingfiletar i bitar
Smør/olje til bruning
salt og pepar
50 g bacon
1 liten raudlauk i strimlar
3 ss maiskorn
4 soltørka tomat i bitar
1 ananasring i bita
1 ts sambal oelek
1 boks creme fraîche
2 ts pizzakrydder
Riven ost til topping.
Skjer kyllingen i bitar og brun den i ei gryte. Ha på litt salt og pepar. Ha uti bacon og raudlauk og la det surre i 5-10 min. Ha uti resten av grønsakene, creme fraichê, samal oelek og pizzakrydder. Smak til fyllet slik du ønskjer det.
Ha fyllet på pizzaen og hell over riven ost.
Server gjerne pizzaen i lag med litt blanda salat.