Eg synes det er kjekt å prøva meg på blomedekorasjonar når sjansen byr seg. Og blomar er vel nesten alltid eigna å gje vekk i gåve - kanskje ei førjulsgåve til nokon du er glad i? Me gav vekk nokre blomehelsingar i helga, og her får de nokre bilete av desse:
Gode hjelpemiddel når ein held på med dekorasjonar: Saks, tang, streng, kitt, pynt (konglar, mose, julekuler o.l.)/band og no til jul, snøspray.
I dekorasjonane har eg brukt julestjerne, sviblar, amaryllis, mose (den
som heng på berg er godt eigna, då den er ganske flat enkel å arbeida med). Konglane er "hausta" i fjor og godt tørka - godt eigna etter mitt syn. Nokre er spraya med snøspray og andre med gull og glit
ter!
Det beste med dette er at det er veldig enkelt og raskt og laga. Det er i grunn kun kreativiteten som stoppar deg, så prøv då vel... :)
Håpar dette kan vera til litt inspirasjon for andre og...
~Solfrid~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar