Lutefisk:
La fisken liggja i vatn i ein time og dryss godt med salt over. Vask fisken igjen. Ha på nytt salt og pepar. Legg fisken over i ei eldfast form eller eit steikebrett, ha litt vatn i botn (for at fisken ikkje skal "tørka"). Legg folie over. Ha fisken i steikeomnen i 30-45 min. Etter mitt syn er det ei smaksak kor "levande" du ønskjer fisken. Ta gjerne folien av dei siste minuttane av steiketida!
Så var det tilbehøret til lutefisken då, dette er jo litt lokale variantar på. Eg pleier å servera fisken saman med kokte poteter og gulrøt, erterstuing (som de ser manglar denne på bilete - det får eg heller laga neste gong!), steikt bacon og sennep (gjerne denne blandinga);
5 ss sennep
1,5 ss eddik
2-3 ss olivenolje
Nykvedna pepar
Smak til tilbehøret slik du likar det. Og nyt - god jul!
~Solfrid~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar