Eg brukte same framgongsmåte som forklart her; http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/11/bjrkehjarta-fin-gave-fin-ha-sjlv.html
Som de ser, eit noko mindre hjarta (eignar seg kanskje betre innandørs enn det store?).
Hjarta vart pynta med litt julepynt, som ein lett kan ta av etter jul. Det øvste bilete er pynta med tre bordpynt delar frå black design, festa med kitt + eit god jul band som er kjøpt på nille.
Det andre hjarta er pynta med ein nisse på ein blomepinne (berre klipt litt kortare) og festa mellom greinene. God jul bandet er festa med litt kitt og det raude sløyfebandet er også frå nille.
Kjekk heimelaga gåve synes eg, og det beste er kanskje at ingen av hjarta vert like - så litt personleg vert gåva også!
Bjørkehjarta på inngongsdøra mi har fått litt julepreg no; Edelgran, kristorn med raude bær og eit sink skilt med god jul. Alt er festa med litt streng - som ein enkelt kan ta av att etter jul.
Eg meiner altså at bjørkehjarta er svært allsidig. Eg har laga eit større og litt tjukkare hjarta som skal verta ein gravkrans. No står det til tørk kledd med kvit mose, henta på ein stormfull vinterdag i sjøkanten (var ingen fare for min del, berre god koordinasjonstrening i same slengen!).
Hjarta har stått til tørk sidan laurdag kveld, og vert pynta på torsdag. De skal få sjå det ferdige resultatet når det er klart.
På denne "blomeverkstaden" min vart det produsert enno meir - tru det eller ei?! Eg laga tre juledekorasjonar som alle er gitt vekk. Skriv eit eige innlegg om dette i morgon.
Ha ein fin måndag!
~Solfrid~
Oh! Desse blei kjempestilige! Likte spesielt godt gravkransen, gler meg til å sjå korleis den blir med pynt, altså :)
SvarSlettGodt å vita at du ikkje for på sjøen, i alle fall ;)
Takk :) Litt spent sjølv på korleis det vert sjåande ut :)
SlettTenkte det var litt greitt å få det med, ville jo vore for dumt å fare på sjøen ;)