Det heiter seg vel at ein skal ha sju sortar til jul, men er det eigentleg mange igjen av desse som bakar sju sortar? Ikkje veit eg altså, men her i huset et me ikkje så mykje tradisjonelle tørre julekake. Difor vart julebaksten min i hovudsak gjærbakst i år. Flaks (eller uflaks), eg var i alle fall meir eller mindre innesnødd på onsdag og då brukte eg dagen på kjøkkenet. Resultatet vart; julekake, vørterbrød, julegeit, kransekakesteng og peparkakehus. Tidlegare har eg bakt riflekjeks (så vart mannen nøgd og!);
http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/12/riflekjeks.html + stompekaker;
http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/12/stompekaker.html
Her kjem oppskrifter og litt bilete av bakst de enno kan baka før jul;
Julekake (2 stk):
6 dl h-mjølk
250 g smør
200 g sukker
1 1/2 pk gjær (75 g)
Ca. 1 kg kveitemjøl
2 1/2 ts kardemomme
Ca 250 g rosiner
175 grader i 45-50 min.
Smelt smør, tilset sukker og mjølk og varm til 37 grader. Rør uti gjæren. Tilset kardemomme og elt inn kveitemjøl til deigen er blank og smidig (slepp bakebollen).
Dekk bakebollen med plast og hev deigen til dobbel storleik (ca 1 time). Ta deigen ut på eit mjølete bord og del den i to. Klapp emna til to flate kaker og fordel rosiner utover. Rull saman og form til ei rund glatt kake. Legg på eit bakepapirkledd steikebrett. Etterhev i ca 30 min.
Pensl kakene med eit piska egg som er tilsett 1/2 ts salt. Steik kakene nederst i omnen. Avkjøl kakene på rist.
Nb. Eignar seg godt til frysing. Må berre seie at dette var første gongen eg prøvde denne oppskrifta, og eg vart ikkje skuffa! Veldig luftige kaker...
Vørterbrød (2stk):
2 dl mjølk
1 flaske vørterøl (3 1/2 dl)
1 dl sirup
1 pk gjær
3 dl rugmjøl
4 dl sammalt rug, fin
ca. 8 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis
1/2 ts nellik
1/4 ts pepar
1 1/2 dl rosiner
190-200 grader i ca. 45 min på nederste rist.
Lag ein laus, varmheva deig av væska, gjær, sirup og ca. halvparten av mjølet (same framgongsmåte som julekakene). Tilset salt, krydder og resten av mjølet. Bland godt. Bland så inn rosinene. Elt til du får ein jamn og smidig deig (du kan gjera som meg og elta for hand visst du vil trena litt samtidig :) eller du kan bruka kjøkkenmaskina). La deigen heva til dobbel storleik (ca. 1 time).
Bak ut to runde, glatte kaker og legg dei på steikebrettet. Etterhev i minst ein halv time. Pensl med lunka vatn, prikk med ein gaffel og steik kakene.
Julegeit:
ca. 1 l kveitemjøl
90 g (1 dl) sukker
2 ts kardemomme
100 g smør
50 g gjær
3 dl mjølk
egg til pensling
Bland alt det tørre. Smuldre smør i mjølet. Rør ut gjæren i den lunka mjølka. Hev deigen i ca. 45 min. Trill emna ut til avlange bollar, trykk to rosiner midt på kvar geit, etterhev i ca. 10 min. Pensl geitene med egg og klipp to "horn" på kvar kort side.
Steik på 225 grader i ca. 10 min (midt i omnen).
Oppskrift på kransekakestengene fann eg her;
http://www.matprat.no/oppskrifter/kos/kransekakestenger
Smaken på desse var eg nøgd med, men estetisk kunne mine vore mykje betre. Neste gong skal eg trilla dei mykje tynnare. Trur også at 5-6 cm lengde er nok.
Peparkakehus:
Eg synes alltid at eg har peparkake til langt ut på våren (nesten i alle fall), så i år skulle eg ikkje ha til anna enn eit hus tenkte eg. Lur som eg var halverte eg oppskrifta, og når huset skulle lagast stod eg å kjevla for harde livet for å få nok deig... Så huset vart utan pipe i år, elles relativt bra :) Og ikkje ei einaste peparkake til våren!
Eg kjøpte meg former til peparkakehus på jernia og desse vart prøvd for første gong. Var relativt nøgd med det kjøpet, er i alle fall det beinaste huset me har hatt på mange år... :) I utgongspunktet treng du ikkje knekk for å montera huset, men me fann ut at me måtte bruka litt for å vera sikker på at huset stod. Gjekk nemlig eit takras når me trudde at alt var festa, men andre får det sikkert til utan knekk. Eg prøver igjen til neste år!
Oppskrifta eg brukar er henta frå tine.no, og eg anbefaler ikkje å halvera oppskrifta slik eg gjorde;
http://www.tine.no/oppskrifter/kaker/vafler-og-smakaker/pepperkakehus-med-forgang-og-karnapp
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar