For meg er tida før jul, ei tid der eg kan prøva enno meir nytt på kjøkkenet enn elles i året. Utfordringa er jo så klart at ein ikkje kan eta alt sjølv - eller kan og kan? Men ein vil jo sjå ut der etter i så fall. Difor er konklusjonen min at det er veldig greitt (for meg) å laga noko når ein er på besøk (eventuelt skal på besøk, er ikkje alle som liker at du saumfarer skåp og skuffer hjå dei). Hjå pappa går det heilt fint, og det resulterte i nokre kjappe konfektbitar (laga med god hjelp frå vetlo, les; grådig gøy å leika med barnevennlege kjøkkenreiskaper, til dømes ein sleikepott i plast)!
Her kjem oppskrifta til 15 konfektbitar (bruk fantasien - og fyll med det du måtte ønskje);
100 g mørk sjokolade
50 g extra virgin cocosa
30 rosiner
Smelt sjokolade og cocosa i vannbad. Pensl silikonformer til konfekt (eg kjøpte mi på jernia) med eit lag med sjokolade, set kaldt i nokre minutt. Legg to rosiner i kvar form. Slå resten av sjokoladeblandinga over. Set kaldt (både frys og kjøleskap går fint) i nokre timar før servering. Trykk konfekten ut av formene og server heimelaga konfekt. Den smakar veldig mykje betre enn kjøpekonfekt synes eg, enkelt var det og!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar