søndag 30. desember 2012

Nissehuer

Kva er vel betre enn ein "nissete" dessert i jula?

 
Du treng (til 6 sandkakeformer):
100 g digestive kjeks
50 g smør
 
50 g philadelphia ost
30 g melis
0,5 dl kremfløyte
 
 6 store jordbær
 
Ha kjeksa i ein brødpose og knus dei med eit kjevle. Smelt smøret og bland inn kjeksa. Ha dette over i seks sandkakeformer. Set kaldt.
 
Bland philadelphia ost og melis (sikt i melisen så det ikkje klumpar seg!) i ei skål. Pisk krem og bland alt saman. Ha dette i ein sprøytepose. Sprøyt blandinga på kjeksa. Set eit jordbær midt på kaka og lag til slutt ein dusk på nissehua.
 
Veldig enkelt og raskt og laga til, og ein akkurat passe dessert no i jula når ein eigentleg er mett før middagen er kome på bordet!
 
Ha ein fin kveld!
 
~Solfrid~
 
 



lørdag 22. desember 2012

Matgåve

Seint, men godt... I alle fall innhaldet i glasa - om eg kan seie det sjølv?
Eg påstår det no i alle fall. Her kjem eit tips til ei matgåve til jul - du rekk det enno
om du skulle stå fast med julegåveideane eller kanskje du har tenkt ut noko og vil supplera litt?
Uansett - her kjem eit kort innlegg (tida strekk ikkje til for meg heller no før jul...) med nokre ting ein kan laga sjølv å gje vekk til jul:

 
 
Kryddersild, nesten som denne (http://www.godfisk.no/Oppskrifter/Norge/Sursild). Fann ikkje mi oppskrift i farten, men denne kan minna mykje om den eg bruker :)
 
Sjokoladenøtter (http://www.tv2.no/gmn/dinhelse/-moerk-sjokolade-teller-som-en-groennsak-3868244.html). Eg brukte hasselnet, valnet og solsikkekjerner. 
 
 
Brente mandlar 
 
Den ferdige med korga, kun tilført eit bjørkehjarta til pynt, heimelaga konfekt (http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/12/heimelaga-konfekt-pa-123.html) og ein ridderost (kjøpt).

 
Litt cellofan, nokre stiftar og eit fint band rundt så er du i mål.
 
Ps. eignar seg berre å gje vekk dersom ein kan oppevara gåva kaldt til den skal opnast! (kanskje eit kaldt rom der du skal feira jul - dersom også kjøleskapet der er fult?!).
 
Ha ein fin laudagskveld! Eg må springa å pakka inn litt fleire julegåver...
 
~Solfrid~

torsdag 20. desember 2012

Ikkje leik med maten...

 
I utgangspunktet er eg veldig einig i tittelen, ein skal ikkje leika med maten. Men eg må seie, det finst nokre unntak. Dette var ein slik dag; Under den "store" julevasken på kjøkkenet fann eg noko marsipan som burde brukast opp. Eg tenkte difor at eg hadde lyst å gjera noko kjekt med den og kom til å tenkja tilbake på jula då eg var yngre. På julafta laga me alltid marsipanmus med lakrishale, eg oppgraderte/nedgraderte desse litt alt ettersom; Eg synes i grunn at dei vart så stygge at dei vart litt kule. Ein ting kan eg i alle fall seie, det var grådig kjekt!
 
Eg har henta inspirasjon og framgongsmåter frå www.villaperlesukker.no
 
Og det beste er kanskje at villaperlesukker har så enkle skildringar, steg for steg at alle kan klare det!
 
Resultata mine....
 
Ps. skal likna ein gris og to mus ;)
 

 


 
Ha ein fin kveld! Her skal juletreet pyntast!
 
~Solfrid~

tirsdag 18. desember 2012

Blomedekorasjonar til jul!

Eg synes det er kjekt å prøva meg på blomedekorasjonar når sjansen byr seg. Og blomar er vel nesten alltid eigna å gje vekk i gåve - kanskje ei førjulsgåve til nokon du er glad i? Me gav vekk nokre blomehelsingar i helga, og her får de nokre bilete av desse:







Gode hjelpemiddel når ein held på med dekorasjonar: Saks, tang, streng, kitt, pynt (konglar, mose, julekuler o.l.)/band og no til jul, snøspray.

I dekorasjonane har eg brukt julestjerne, sviblar, amaryllis, mose (den
som heng på berg er godt eigna, då den er ganske flat enkel å arbeida med). Konglane er "hausta" i fjor og godt tørka - godt eigna etter mitt syn. Nokre er spraya med snøspray og andre med gull og glit
ter!
Det beste med dette er at det er veldig enkelt og raskt og laga. Det er i grunn kun kreativiteten som stoppar deg, så prøv då vel... :)

Håpar dette kan vera til litt inspirasjon for andre og...


~Solfrid~

mandag 17. desember 2012

Solfrid sin "blomeverkstad" - meir bjørkehjarta!

Som sagt, som gjort... Det vart fleire bjørkehjarta på meg (eller eg laga dei - og så skal eg gje dei vekk til jul - kanskje noko for deg og?). Meir kvist vart henta heim og eg fann ut at vaskerommet var godt eigna til "blomeverkstad". Det resulterte i to mindre bjørkehjarta enn det eg har vist dykk før. Desse vert ein del av to matgåver me skal gje til jul (kjem eit tips innlegg om dette før jul). Her er dei ferdige resultata;



Eg brukte same framgongsmåte som forklart her; http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/11/bjrkehjarta-fin-gave-fin-ha-sjlv.html

Som de ser, eit noko mindre hjarta (eignar seg kanskje betre innandørs enn det store?).
Hjarta vart pynta med litt julepynt, som ein lett kan ta av etter jul. Det øvste bilete er pynta med tre bordpynt delar frå black design, festa med kitt + eit god jul band som er kjøpt på nille.

Det andre hjarta er pynta med ein nisse på ein blomepinne (berre klipt litt kortare) og festa mellom greinene. God jul bandet er festa med litt kitt og det raude sløyfebandet er også frå nille.
Kjekk heimelaga gåve synes eg, og det beste er kanskje at ingen av hjarta vert like - så litt personleg vert gåva også!

Bjørkehjarta på inngongsdøra mi har fått litt julepreg no; Edelgran, kristorn med raude bær og eit sink skilt med god jul. Alt er festa med litt streng - som ein enkelt kan ta av att etter jul.




 Eg meiner altså at bjørkehjarta er svært allsidig. Eg har laga eit større og litt tjukkare hjarta som skal verta ein gravkrans. No står det til tørk kledd med kvit mose, henta på ein stormfull vinterdag i sjøkanten (var ingen fare for min del, berre god koordinasjonstrening i same slengen!).

Hjarta har stått til tørk sidan laurdag kveld, og vert pynta på torsdag. De skal få sjå det ferdige resultatet når det er klart.

På denne "blomeverkstaden" min vart det produsert enno meir - tru det eller ei?! Eg laga tre juledekorasjonar som alle er gitt vekk. Skriv eit eige innlegg om dette i morgon.

Ha ein fin måndag!

~Solfrid~

søndag 16. desember 2012

Så var det desse "7 sortane" til jul...

Det heiter seg vel at ein skal ha sju sortar til jul, men er det eigentleg mange igjen av desse som bakar sju sortar? Ikkje veit eg altså, men her i huset et me ikkje så mykje tradisjonelle tørre julekake. Difor vart julebaksten min i hovudsak gjærbakst i år. Flaks (eller uflaks), eg var i alle fall meir eller mindre innesnødd på onsdag og då brukte eg dagen på kjøkkenet. Resultatet vart; julekake, vørterbrød, julegeit, kransekakesteng og peparkakehus. Tidlegare har eg bakt riflekjeks (så vart mannen nøgd og!);

http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/12/riflekjeks.html + stompekaker;

http://heimlegesyslar.blogspot.no/2012/12/stompekaker.html

Her kjem oppskrifter og litt bilete av bakst de enno kan baka før jul;

Julekake (2 stk):
6 dl h-mjølk
250 g smør
200 g sukker
1 1/2 pk gjær (75 g)
Ca. 1 kg kveitemjøl
2 1/2 ts kardemomme
Ca  250 g rosiner

175 grader i 45-50 min.

Smelt smør, tilset sukker og mjølk og varm til 37 grader. Rør uti gjæren. Tilset kardemomme og elt inn kveitemjøl til deigen er blank og smidig (slepp bakebollen).

Dekk bakebollen med plast og hev deigen til dobbel storleik (ca 1 time). Ta deigen ut på eit mjølete bord og del den i to. Klapp emna til to flate kaker og fordel rosiner utover. Rull saman og form til ei rund glatt kake. Legg på eit bakepapirkledd steikebrett. Etterhev i ca 30 min.

Pensl kakene med eit piska egg som er tilsett 1/2 ts salt. Steik kakene nederst i omnen. Avkjøl kakene på rist.

 Nb. Eignar seg godt til frysing. Må berre seie at dette var første gongen eg prøvde denne oppskrifta, og eg vart ikkje skuffa! Veldig luftige kaker...



Vørterbrød (2stk):
2 dl mjølk
1 flaske vørterøl (3 1/2 dl)
1 dl sirup
1 pk gjær
3 dl rugmjøl
4 dl sammalt rug, fin
ca. 8 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis
1/2 ts nellik
1/4 ts pepar
1 1/2 dl rosiner

190-200 grader i ca. 45 min på nederste rist.

Lag ein laus, varmheva deig av væska, gjær, sirup og ca. halvparten av mjølet (same framgongsmåte som julekakene). Tilset salt, krydder og resten av mjølet. Bland godt. Bland så inn rosinene. Elt til du får ein jamn og smidig deig (du kan gjera som meg og elta for hand visst du vil trena litt samtidig :) eller du kan bruka kjøkkenmaskina). La deigen heva til dobbel storleik (ca. 1 time).

Bak ut to runde, glatte kaker og legg dei på steikebrettet. Etterhev i minst ein halv time. Pensl med lunka vatn, prikk med ein gaffel og steik kakene.



Julegeit:

ca. 1 l kveitemjøl
90 g (1 dl) sukker
2 ts kardemomme
100 g smør
50 g gjær
3  dl mjølk
egg til pensling

Bland alt det tørre. Smuldre smør i mjølet. Rør ut gjæren i den lunka mjølka. Hev deigen i ca. 45 min. Trill emna ut til avlange bollar, trykk to rosiner midt på kvar geit, etterhev i ca. 10 min. Pensl geitene med egg og klipp to "horn" på kvar kort side.

Steik på 225 grader i ca. 10 min (midt i omnen).



Oppskrift på kransekakestengene fann eg her;
http://www.matprat.no/oppskrifter/kos/kransekakestenger

Smaken på desse var eg nøgd med, men estetisk kunne mine vore mykje betre. Neste gong skal eg trilla dei mykje tynnare. Trur også at 5-6 cm lengde er nok.



Peparkakehus:
Eg synes alltid at eg har peparkake til langt ut på våren (nesten i alle fall), så i år skulle eg ikkje ha til anna enn eit hus tenkte eg. Lur som eg var halverte eg oppskrifta, og når huset skulle lagast stod eg å kjevla for harde livet for å få nok deig... Så huset vart utan pipe i år, elles relativt bra :) Og ikkje ei einaste peparkake til våren!

Eg kjøpte meg former til peparkakehus på jernia og desse vart prøvd for første gong. Var relativt nøgd med det kjøpet, er i alle fall det beinaste huset me har hatt på mange år... :) I utgongspunktet treng du ikkje knekk for å montera huset, men me fann ut at me måtte bruka litt for å vera sikker på at huset stod. Gjekk nemlig eit takras når me trudde at alt var festa, men andre får det sikkert til utan knekk. Eg prøver igjen til neste år!

Oppskrifta eg brukar er henta frå tine.no, og eg anbefaler ikkje å halvera oppskrifta slik eg gjorde;
http://www.tine.no/oppskrifter/kaker/vafler-og-smakaker/pepperkakehus-med-forgang-og-karnapp















torsdag 13. desember 2012

Mitt Luciabidrag!

13.desember og Luciadagen!

Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia, Santa Lucia

Natten er mørk og stum
Med ett det suser
I alle tyste rom
Som vingene bruser
Se, på vår terskel står
Hvitkledd med lys i hår
Santa Lucia, Santa Lucia

Mørke skal flykte snart
Fra jordens daler
Slik hun et underfullt
Ord til oss taler
Dagen skal atter ny
Stige av røde sky
Santa Lucia, Santa Lucia


Eg skulle nok ha vist dykk bilete av mine rykande ferske lussekattar no, men desverre. I går var den store bakedagen her i huset (kjem innlegg om dei "7 sortane" litt seinare), og då konkluderte eg med at det ikkje vart bakt lussekattar i tillegg i dag. Me får ta det igjen til neste år. Eg tenkte at eg kunne dela oppskrifta eg pleier bruka med dykk (slik at dei som vil baka lussekattar i dag kan gjere det). Eg brukar ei oppskrift frå tine.no;

http://www.tine.no/oppskrifter/sesong-og-tema/jul/julekaker/lussekatter

Eit lite tips, dette er ei ganske stor oppskrift. Så om du berre skal ha nokre lussekattar i dag, ville eg halvert oppskrifta. Lukka til!

~Solfrid~

tirsdag 11. desember 2012

Julegåvene du framleis rekk å laga før jul!

Planar om å laga nokre av julegåvene sjølv?
Kanskje ei personleg gåve?
Om du ikkje har laga dei enno, så er det framleis tid!
Her kjem to tips frå meg på julegåver som ikkje tek så alt for lang tid å laga.

Ps! Rekk du det ikkje til jul, så passar dette som gåve i mange andre høve også!

*Tips 1* "Minneramme"

Eg samla ein del ting frå vetlo var nyfødd (sjukehusarmbanda, namnelapp, ultralydbilete, helsing i aviso o.l.) + nokre bilete og eit par små sokkar, og festa det heile i ei ramme (ribba frå ikea);



Eg festa det meste med kitt, slik at eg eventulet kan ta noko ut igjen. Eg putta også litt pynt innimellom.

Ei minneramma passar jo i grunn til dei fleste, så her er det berre til å vera kreativ.


*Tips 2* "Heimelaga lys".

Har du eit bilete, ein serviett eller liknande du gjerne skulle hatt på eit lys? Klipp til det bilete du ønskjer å bruka, klipp så til eit matpapir som er litt større enn bilete. Finn deg eit lys (helst eit kubbelys), set strykejernet på 1 og stryk forsiktig bilete over på lyset. Pass på at heile bilete smeltar inn i lyset.








mandag 10. desember 2012

Stompekaker!

Stompekaker!
Ein familietradisjon.
I grunn veldig enkelt, gjærdeig.
Hev, trill ut, kjevl ut og steik på takke.

Nokre brukar natron og kallar det for stompekaker,
det funker ikkje for meg. Eg kan endeleg eta kake med
natron, men då får me kalla det for noko anna (mi subjektive meining!).

Kakene vert stort sett laga over det vide land, men
med ulike namn og oppskrifter. Eg er så glad i mi
oppskrift at den har fått heiderplass på kjøkkenet;












For å seie det slik, det var ikkje ei standard oppskrift i nettbutikken denne vart kjøpt i!

Smelt smør, og ha uti væska. Ha gjæren uti ved 37 grader.
Bland alt det tørre i ein bolle. Elt deigen godt og set til heving til dobbel storleik (ca. 1 time).
 Del deigen i to og trill til eit langt emne, del så opp i "bollestorleik".
Trill ut bollane og kjevl dei flate. La dei etterheva litt.
Steik på steiketakke på middels varme til dei er lyse brune på farge.




Desse vart bakt av halve oppskrifta (om lag tjue kaker). Eignar seg godt for frysing, og smakar godt til jul (og resten av året).
Prøv du og då vel! Server med sirup eller ridderost (Nok ein gong mi subjektive meining, men osten du får kjøpt på to kilo smakar verkeleg mykje betre enn dei små klattane dei sel på butikken), eller det du måtte ønskje.

Ha ein fin kveld!

~Solfrid~


søndag 9. desember 2012

Heimelaga konfekt på 1,2,3...!

For meg er tida før jul, ei tid der eg kan prøva enno meir nytt på kjøkkenet enn elles i året. Utfordringa er jo så klart at ein ikkje kan eta alt sjølv - eller kan og kan? Men ein vil jo sjå ut der etter i så fall. Difor er konklusjonen min at det er veldig greitt (for meg) å laga noko når ein er på besøk (eventuelt skal på besøk, er ikkje alle som liker at du saumfarer skåp og skuffer hjå dei). Hjå pappa går det heilt fint, og det resulterte i nokre kjappe konfektbitar (laga med god hjelp frå vetlo, les; grådig gøy å leika med barnevennlege kjøkkenreiskaper, til dømes ein sleikepott i plast)!

Her kjem oppskrifta til 15 konfektbitar (bruk fantasien - og fyll med det du måtte ønskje);

100 g mørk sjokolade
50 g extra virgin cocosa
30 rosiner

Smelt sjokolade og cocosa i vannbad. Pensl silikonformer til konfekt (eg kjøpte mi på jernia) med eit lag med sjokolade, set kaldt i nokre minutt. Legg to rosiner i kvar form. Slå resten av sjokoladeblandinga over. Set kaldt (både frys og kjøleskap går fint)  i nokre timar før servering. Trykk konfekten ut av formene og server heimelaga konfekt. Den smakar veldig mykje betre enn kjøpekonfekt synes eg, enkelt var det og!

onsdag 5. desember 2012

Lutefisk med tilbehør i desse førjulstider!

Alle har vel nokre rettar dei alltid må ete før jul eller i jula, slik er me "vanedyr" - me likar tradisjonar. Eg er vel heller ikkje noko unntak, vil eg tru. Hjå meg er det vel svineribba, pinnekjøt og lutefisk som er slike "must" av middagsrettar. Desse tre har (så klart) vore laga heime hjå meg i år. Difor tenkte eg at eg kunne dela mi oppskrift på lutefisk med dykk. Og til dykk som er skeptisk til lutefisk (med god grunn kanskje?), det gjekk faktisk år før eg begynte å lika det. Men når du først får smaken på det, så er det faktisk utruleg godt (tru det eller ei!).


Lutefisk:

La fisken liggja i vatn i ein time og dryss godt med salt over. Vask fisken igjen. Ha på nytt salt og pepar. Legg fisken over i ei eldfast form eller eit steikebrett, ha litt vatn i botn (for at fisken ikkje skal "tørka"). Legg folie over. Ha fisken i steikeomnen i 30-45 min. Etter mitt syn er det ei smaksak kor "levande" du ønskjer fisken. Ta gjerne folien av dei siste minuttane av steiketida!












Så var det tilbehøret til lutefisken då, dette er jo litt lokale variantar på. Eg pleier å servera fisken saman med kokte poteter og gulrøt, erterstuing (som de ser manglar denne på bilete - det får eg heller laga neste gong!), steikt bacon og sennep (gjerne denne blandinga);

5 ss sennep
1,5 ss eddik
2-3 ss olivenolje
Nykvedna pepar



 






Smak til tilbehøret slik du likar det. Og nyt - god jul!
 
~Solfrid~

mandag 3. desember 2012

Ein liten tur på Stoff & Stil

Ein liten tur på Stoff & Stil resulterte i 8 meter  lilla uglestoff, lilla band, eit litt meir nøytralt barnemønster og litt andre småting som (i butikken i alle fall) verka som kjekt å ha til nokre syprosjekt eg har planar om... Dårleg med bilete i dag, men har lånt eit aldri så lite inspirasjonsbilete til uglestoffet (bilete er lånt frå Stoff & Stil);



Planen er i alle fall (ambisøs nok i mine auge!): Sengekant, gardin, kant til leikegrind og vimpelrekke + at Solfrid skal læra seg å strikka! Tidsperspektiv = uvisst! Ein dag.... kjem forhåpentlegvis det ferdige resultatet ut her med både bilete og framgongsmåte. Inntil vidare trur eg de får vera tolmodige!

~Solfrid~

lørdag 1. desember 2012

Riflekjeks

Då var me i desember månad - og då er det vel tid for julevask og julebakst (og mest kos)? Stemmer ikkje det? Eg lagde meg i alle fall ein deig i går kveld, og i dag tidleg hadde me bakelukt og nysteikte kjeks i hus. Ein fin lørdag - og når me også har fått snø, kan ein ikkje anna enn å koma i julestemning!


 
Ha ein fin lørdag!
 
 
 
~Solfrid~
 
 

fredag 30. november 2012

Boktips og oppskrift på varm sjokolade!

I utgangspunktet er dette ein blogg eg legg ut oppskrifter og prosjekt eg lagar sjølv, men eg har også sagt at det av og til kan koma eit og anna tips frå mi side. I dag er ein slik dag (slenger med ei lita oppskrift for å ikkje avvika heilt for normen på bloggen)! Tenkte å tipsa dykk og ei god krimbok (i alle fall etter min smak) - kanskje eit julegåvetips (til deg sjølv eller andre)? Skal du lesa boka sjølv, smakar det jo veldig godt med ein kopp varm sjokolade i lag med (særleg sånn som no når det snør ute og!).

Boka er i alle fall; Kristina Ohlosson, "englevaktene". Omtale; En ung kvinne blir funnet drept og partert i et skogsområde utenfor Stockholm. Hun blir identisert som Rebecca Trolle, en litteraturstudent som forsvant tre år tidligere.

Mens Alex Recht og hans etterforskere prøver å forstå hva som gjorde at Rebecca fikk en så voldsom skjebne, gjøres flere funn på åstedet: Det rommer hemmeligheter som viser seg å være flere tiår gamle.

Samtidig, på et aldershjem i nærheten, sitter en slagrammet og stum barnebokforfatter. Hun dukker stadig opp i etterforskningen, men sier forsatt ingenting.

Sporene leder politiet til den mørkeste sannhet. For hovedetterforskeren Fredrika Bergman blir marerittet fullkomment da hennes elskede Spencer dras inn i saken. Etter hvert som gåten nærmer seg en oppklaring, råder en stadig dystrere stemning i etterforskningsgruppen. Hvem blir den neste til å bli lagt i graven? (Gyldendal).

Eg var hekta frå første stund - så om du også er glad i krimlitteratur, trur eg du vil lika denne boka!




~Solfrid~

torsdag 29. november 2012

Kyllingsuppa med nanbrød

I går lagde eg kyllingsuppa og prøvde meg på nanbrød for første gong. Men, for dei som kanskje eigentleg veit kva nanbrød er og korleis ein lagar dette, så får de ha meg unnskyldt! Eg leita og leita etter oppskrifter og framgongsmåtar - og til slutt endte eg opp med min eigen variant basert på tre andre oppskrifter. Uansett kva me skal kalla brøda, så smakte dei i alle fall godt til slutt. Og det er vel det viktigaste eller? :)

Kyllingsuppa (til 2 personar):
Ca. 500 g kyllinglår, oppskjert
Olje til bruning
1 ts karry
1/2 ts salt
1 krm kajennepepar
4 dl kyllingbuljong (vatn + terning)
1 dl hakka, soltørka tomat
1-2 ss hakka persille
100 g pasta

Brun kyllingstykka i olje i ei gryte til dei får litt gyllen farge. Ha på krydder, og hell i buljongvatnet. Kok under lokk i ca. 15 min. Kok pasta etter instruksjon på pakka. Ha soltørka tomat i gryta etter 15 min. Ha hakka persille og ferdig pasta på rett før servering.

 
Nanbrød
1 dl lettmjølk
1 dl surmjølk
2 ss sukker
25 g gjær (1/2 pk)
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 ts kvitlaukspulver
4 ss olivenolje
3 dl yoghurt naturell
600 g kveitemjøl
 
Varm mjølka og sukkeret til 37 grader og løys opp gjæren. La stå i ca. 20 min.
Bland resten av ingrediensene i ein bolle. Ha mjølka over blandinga etter ca. 20 min. Elt deigen godt, gjerne i kjøkkenmaskin. La deigen heva til dobbel storleik (ca. 1 time). Set steikeomnen på 275 grader. 
 
Del deigen inn i seks like store emne. Trykk emna flate, og kjevl dei til ca. 1/2 cm tjukkelse. Legg emna over på eit steikebrett med bakepapir på.  Steik midt i omnen i 3-5 min. Snu emna ein gong i løpet av steiketida. Nb! Føl med så brøda ikkje vert svidd (steiketida kan nok variera ein del frå omn til omn!).
 
 
 
 

onsdag 28. november 2012

Ananas og kesam - enkelt, men godt!

Dei som kjenner meg, har vel etterkvart skjønt at eg er glad i frukt og bær - gjerne i kombinasjon med kesam eller cottage cheese. Men kvifor ikkje? Det smakar jo godt, og sunt er det jo og (i alle fall stort sett - vær forsiktig med sukkeret så går det nok bra!). Eg lagar gjerne dette til dessert, kvelds eller som eit mellommåltid.

Du treng;
Ananas






Vaniljekesam eller vanleg kesam

Brunt sukker  
Skjer ananasen i biter og ha oppi ei skål. Ha 1-2 ss kesam oppå og dryss ca. 1 ts brunt sukker over. Ha skåla i mikroen i ca. 1 min. Og vips, så har du ein ferdig rett på 1,2,3;
 
 
 
~Solfrid~
 

tirsdag 27. november 2012

Bjørkehjarta - fin gåve, fin å ha sjølv!

For nokre veker sidan var eg på kurs/inspirasjonskveld på den lokale blomster- og interiørbutikken, då lærte eg meg omsider korleis eg skal laga bjørkehjarta (noko eg har hatt lyst til lenge, men så var det å gjera det i praksis då...). Det såg jo så klart, veldig lett ut når kurshaldaren viste det. Og, hurra! Det var faktisk veldig lett å gjera det sjølv og! Mannen var relativt skeptisk til at ei bjørk kunne ha annan nytteverdi enn til ved, men han vart med meg ut å klipte bjørkegreiner (er ikkje så lett å klippa så mykje med ei lita i bæresele - elles så trur eg dei fleste kjem i frå den klippinga altså!).

Me klippte relativt lange greiner (ca. 50-70 cm). Eg fordelte greinene i to like store bunter og festa dei med litt streng for at dei skulle vera enklare å arbeida med. Så forma eg eine bunten som eit halvhjarta, og surra streng rundt heile (pass på at det stikk minst mogleg greiner ut her og der). Gjer det same med andre bunten. Legg deretter buntane saman slik at du får den forma du sjølv ønskjer på hjarta, og fest alt med enno meir streng (går litt streng med til dette). Eg laga eit lite oppheng med streng sidan eg hengte hjarta på inngongsdøra vår. Slik vart det ferdige resultatet (heng der så fint og ventar på å verta pynta til jul?!).






Ein kan laga bjørkehjarta i ulike storleikar og fasongar, eg kjem nok til å laga nokre mindre variantar fram mot jul - sikkert med litt meir julepreg enn denne. Bilete og framgongsmåte kjem.

Hjarta er kjekt å ha sjølv, og kjekt å gje i gåve. Kanskje du skal laga nokre julegåver sjølv i år?


Solfrid