tirsdag 29. januar 2013

Tagliatelle med røykt laks og squash

Eg er fan av superenkle - superraske - og i grunn supergode middagar.
Spesielt dersom ein har vore på arbeid, og er trøytt og svolten når ein kjem heim (sidan eg snart skal venda tilbake til arbeidslivet - øver eg meg nokre dagar på laga slike middagar!). Dette er ein av desse;

Tagliatelle med røykt laks og squash (til to personar);
Fullkorn tagliatelle (eller vanleg om du vil) - føl instruksen på øskja.
150 g røykt laks
1/2 squash
Basillikum
1/2 boks cremè fraiche
olje

Skjer squashen i terningar og brun den lett i litt olje. Skjer opp laksen i mindre biter og varm denne i ei panne saman med cremè fraiche. Legg tagliatellen på tallerk, ha laks og saus over. Dryss til slutt squashen og litt hakka basillikum på toppen.



Plutseleg var middagen både ferdig laga og ete! 

~Solfrid~

søndag 27. januar 2013

"Pikekyss"

Gårsdagens "bakejobb" resulterte i 8 eggekviter til overs - og ein god unnskulding for å laga "pikekyss". Resultatet vart fryktleg mange rosa pikekyss på kjøkkenet mitt (og enno lagde eg ikkje av alle eggekvitane då eg ikkje såg nokon ende på det prosjektet...). Her kjem oppskrifta (noko redusert i mengden, då eg ikkje trur det er så mange som har behov for å laga så mange brett med pikekyss... Sjølv om dei smakar godt då :)).

"Pikekyss"
3 eggekviter
1/4 ts sitronsaft
1/8 ts salt
2 ts vaniljeessens
115 g sukker
Pastafarge/konditorfarge e.l.

Ha eggekvitene, sitronsaft, salt og vaniljeessens i miksarskåle. Køyr i miksaren til du får ein stiv masse, ha sukker i litt og litt. Ha til slutt i farge og bland denne godt inn. Ta massen over i ein sprutepose med stor spiss. Sprøyt små toppar utover eit bakepapirkledd steikebrett. Steik i omnen på 100 grader i ca. 45 min. La pikekyssene stå ein time i omnen etter dei er ferdig steikt til tørking.


Ha ein fin søndag - kanskje med nokre pikekyss?

~Solfrid~

tirsdag 22. januar 2013

Urtemuffins

Treng du eit alternativ når du skal servera brød til maten?
Noko som er kjapt å laga - nesten kjappare enn å tina ferdige rundstykker frå frysen?
Her kjem i alle fall noko som fall i smak her i heimen - sjølv med eit litt skremmande namn (i alle fall for mannen!);

Du treng (til 12 muffins):

1 dl havregryn, lettkokte
0,5 dl vatn
1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt kveite
1 dl sammalt kveite, grovt
2 ts bakepulver
0,5 ts salt
4 ss rosmarin, fersk
4 ss basilikum, fersk
4 egg
50 g soyaolje
1/2 boks philadelphiaost
ca. 2 dl vatn
12 soltørka tomat, tørr

Framgongsmåte:
  • Legg havregryna i bløyt i vatn i ca 5 min
  • Hakk urtene
  • Bland mjøl, bakepulver og salt i ein bolle saman med urtene
  • visp saman egg, olje og ost. Rør blandingane samane og ha i havregryna. Spe med vatn til du får ein passande konsistens på røra.
  • Bruk eit muffinsbrett med tolv former (ha i papirformer og). Fyll formene 2/3 fulle.
  • Steik muffinsane midt i omnen på 200 grader i ca 10-15 min. Ha tomatene på når det er ca 5 min igjen av steiketida. Avkjøl muffinsane på rist.
 
Passar godt til ei suppe t.d.
 
(Utgongspunktet for denne oppskrifta er henta frå brodogkorn.no)

 
 
  

mandag 14. januar 2013

"Minipai"

Eg vert meir og meir glad i mat ein kan laga i porsjonsvariantar. Ein av desse er minipaiar som eg har lagt min elsk på for tida. Eignar seg godt til tapasbordet, lunsj eller kanskje til middag ein dag du treng ein rask middag (kan frysast og tiner kjapt!)?

(Det kan sjå ut som det manglar nokre paiar på bilete, og det stemmer... Var nokon som ikkje kunne venta med å smaka...)

Du treng (til ca. 20 paiar):

300 g smør, i terningar
400 g kveitemjøl (for ein grovare bunn kan du t.d. ha halvparten med grovbakst mjøl)
4 ss kaldt vatn

Bland ingrediensane godt saman og set kaldt i minst 30 min. Kjevl ut paideigen og stikk ut rundingar med t.d. ein liten kopp (pass på at den passar i muffinsbrettet ditt). Trykk rundingane ned i eit muffinsbrett, pass på at det er deig heilt opp i formene. Set i kjøleskap i 15 min.

Set omnen på 200 grader. Steik paiane i 8-10 min før du har fyll i.

Fyll:
1/2 raudløk
150 g basilikum
100 g norvegia i terningar
5 soltørka tomat, i biter
100 g kokt skinke
3 egg, samanpiska
1 dl mjølk
salt og pepar

Fres løken i litt olje. Ha uti basilikum, soltørka tomat og skinke. La det frese i nokre minuttar. Fordel fyllet i paiane. Ha ost på og hell egg og mjølk over (pass på at det ikkje renn over bunnen). Steik vidare i 10-15 min.

lørdag 12. januar 2013

Daimcupcakes!

"Barn vil elske å få daimcupcakes i bursdagsselskapet, og er det noen igjen etter festen, vil nok de voksne gladelig forsyne seg" (I. Bjerknes, 2011).

Sidan eg allereie har erfart at dei vaksne også liker desse, kva var vel då betre enn å laga ein ladning til klubbkveld med veninnene? Smakar rett og slett fantastisk godt!



Du treng (14 stk):
Røra

3 egg
2 1/2 dl sukker
1 ts vaniljesukker
100 g margarin, romtemperert
1 dl mjølk
1 ss kakaopulver
3 1/2 dl sikta kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 lita klype salt
150 g daim i biter

Frostingen

100 g margarin
350 g melis
1/2 dl mjølk
1 ss kakaopulver
50-100 g daim i biter

Framgongsmåte:
Forvarm omnen til 175 grader. Set cupcakeformene i eit muffinsbrett (muffins/cupcakes - trur det er eit ord som går litt om ein an, de skjønar vel kva eg meiner uavhengig av kva eg kaller dei). Visp egg og sukker til eggedosis. Ha i vekselvis margarin, mjølk og det tørre. Vend inn hakka daimbiter. Fyll cupcakeformene 2/3 fulle. Steik kakene midt i omnen i ca. 20 min. Ta dei ut av omnen og avkjøl i brettet i ca. 5 min, før du avkjøler dei heilt på rist.

Frostingen
Rør margarin og halvparten av melisen kvitt. Ha i mjølk, resten av melisen og kakaopulver.

Ha frostingen i ein sprøytepose og sprøyt på kakene. Dryss daimbiter over. Nyt!

~Solfrid~

torsdag 10. januar 2013

Prosjekt sy sengekant!

Eg kan vel innrømma at eg likar å ha ein del prosjekt på gong, gjerne til same tid!
Og som de veit var eg jo på stoff & stil for ei tid tilbake.
Det resulterte i at ein gamal sengekant fekk nytt liv;

 
Gamal sengekant

 
Diverse innkjøp til sengekant

Undervegs i sy prosessen. Eg spretta opp det gamle stoffet og kasta det. Så la eg nytt stoff rundt vatten og festa det med knappenåler. Så sydde eg ein kant på eine sida for å festa stoffet. Deretter sydde eg ein ekstra kant (med det lilla bandet på bilete over) på eine langsida og begge kort sidene.
 
Nesten ferdig kant! Eg sydde også på band oppe og nede (tosidig) for å festa kanten til senga med noko.
 
Ferdig sengekant på plass i senga! Og for dei som måtte lura; det var ikkje vanskeleg. Eg brukte to kveldar på det (då hadde eg også litt trøbbel med symaskina)...Og så er det jo veldig kjekt når ein er ferdig å faktisk kan seie at dette har eg sydd sjølv!
 
~Solfrid~


mandag 7. januar 2013

Rundstykkekake!

Resultatet av ein deig til heving på lørdag vart ei rundstykkekake.
Smakar supert rett frå omnen når du får besøk eller om du berre vil kosa deg med ferske rundstykke!

Du treng (passar til ei rund 28 cm form):

75 g smør
2,5 dl vatn
2,5 dl mjølk
50 g gjær
1 l mjølblanding (eg brukte grovbakst, sammalt kveite grov og sammalt rug grov)
1 ts salt
Egg til pensling
Solsikkekjerner



Framgongsmåte:
Smelt smøret og ha i væska. Løys gjæren opp ved 37 grader.
Bland alt det tørre i ein bolle. Ha væska uti.
Bland alt godt saman og set deigen til heving i 1 time (dobbel storleik).

Ta deigen ut av bollen og kna den litt. Del i to emner. Trill ut ei lang pølse og del opp i små emner som du triller ut til små boller. Legg bollane i ei smurt kakeform. Etterhev i ca 15 minutter. Pensl med egg og strø litt solsikkekjerner over. Steik nedst i omnen på 200 grader i ca 25 min. Avkjøl på rist.

lørdag 5. januar 2013

Alternativ ribbe

Har du ein rest ribbe att etter jul?
Er du kanskje litt lei den tradisjonelle varianten?
Eller kanskje du er ute etter inspirasjon til neste jul?
(eg tek ikkje høgde for at nokon kanskje ikkje er interessert i ribbe)!

Eg fall vel i kategori to; eg var litt lei den tradisjonelle varianten. Takka vera pappa som kom i kategori ein; han hadde ein ribberest som me var heldig å få - vart det prøvd ein ny variant ribbe her i huset.

Mor var skeptisk, far synes det lukta godt i huset...
Mor var redd det vart for lite ribbe...
Konklusjon etter endt måltid;
Alle var mette, ribba smakte annleis og godt.
Det var til og med litt igjen til pusane.
Dette kan me trygt servera neste jul og!

Dutreng til 6 personar:

Ca 3 kg ribbe
Solid kjøkkenhyssing
2 ss flaksalt
2 ts heil svart pepar
1 ss sitronskal
1/2 ts chilipulver
4 ss hakka frisk rosmarin
2-4 kvitlauksfedd, finhakka

Framgongsmåte:
Knus alt krydderet. Hakk kvitlauksfedden for seg og bland deretter alt godt saman.
Snitt svoren på ribba (lag 1 cm tjukke striper godt ned i feittet. Stripene må gå same veg som kjøtet skal rullast).
Skjer ut alle beina, og gni krydderblandinga godt inn i kjøtet. Rull kjøtet saman og knyt med ein hyssing. Gni litt olivenolje på heile rullen og litt salt. Legg den på ei rist i ei eldfast form.
Ha eit par cm med vatn i forma og dekk med aluminiumsfolie. Damp ribberullen på 200 grader i 1 time. Fjern folien og steik vidare på 180-200 grader i  ca. 2 timar. Treng svoren litt ekstra tid, kan du skru opp temperaturen siste tida - MEN då må du følgje med heile tida! :)

La rullen kvila i ca. 10 min før du skjer den opp (eg fann ut at det var lurt å skjera litt tjukke skjever for  at rullen skulle hengja best mogleg saman).


Server med kokte poteter, raudkål, svisker og epler - til dømes.




No har eg ein deig som står til heving - kanskje det kjem ei oppskrift på rundstykker her...

 
 
 
Ha ein fin lørdag!

~Solfrid~





torsdag 3. januar 2013

Ferdig pynta...

Det er altså eit par veker sidan bjørkekransen var ferdig pynta... Her kjem eit bilete av det ferdige resultatet;


 
Eg har brukt kvit mose, konglar, kristtorn, lyng, sølvtråd og edelgran. Alt har eg funne heime eller rett i nærleiken (ps. Har ikkje vore på ulovleg slang!)
 
Og det som framleis var viktig å ha er ei god tang/saks, streng og evt. litt kitt.
 
~Solfrid~
 
 


onsdag 2. januar 2013

Fisk - rett og slett!

2.januar - tilbake til realiteten.
Litt lei kjøt?
Er vel som regel slik for dei fleste når jula er over.
På den måten skal ikkje me klaga - her har me vore sjuk heile jula omtrent.
Likevel - så er det noko med fisk når jula er over.

Difor; dagens innlegg - fisk i folie.
Enkelt, kjapt, smakar godt (lite oppvask er jo og eit pluss!).
Porsjonspakkar!
Billeg! (særleg om du har tilgong til fisk sjølv).
Sunt og godt! :)

Du treng:
1 fiskefilet per pers. (her har eg brukt torsk som mannen har fiska!)
Grønsaker (ta det du har i kjøleskapet - det meste er eigna. Her har eg brukt gulrot, sukkererter, poteter, raud og orange paprika).
Litt smør
Evt. pesto/ rjome e.l.

Framgongsmåte:
Dersom fisken ikkje er ferdig filetert, må du gjere det. Pass på at mest mogleg av bein er vekke og skinnet skal av. Ha fisken i litt folie som du ligg i ei eldfast form. Skjer opp så mykje grønsaker som du vil ha og fordel dette på fisken. Ha på ein klatt smør og evt. litt pesto/rjome e.l.

Steik midt i omnen på 200 grader i 20-30 min (du må rett og slett følgja litt med på steiketida). Det går litt raskare dersom du t.d. vel å koka potetene ved sidan av.



Det var dagens sunne tips frå meg i 2013!

Ha ein fin dag!

~Solfrid~