2.januar - tilbake til realiteten.
Litt lei kjøt?
Er vel som regel slik for dei fleste når jula er over.
På den måten skal ikkje me klaga - her har me vore sjuk heile jula omtrent.
Likevel - så er det noko med fisk når jula er over.
Difor; dagens innlegg - fisk i folie.
Enkelt, kjapt, smakar godt (lite oppvask er jo og eit pluss!).
Porsjonspakkar!
Billeg! (særleg om du har tilgong til fisk sjølv).
Sunt og godt! :)
Du treng:
1 fiskefilet per pers. (her har eg brukt torsk som mannen har fiska!)
Grønsaker (ta det du har i kjøleskapet - det meste er eigna. Her har eg brukt gulrot, sukkererter, poteter, raud og orange paprika).
Litt smør
Evt. pesto/ rjome e.l.
Framgongsmåte:
Dersom fisken ikkje er ferdig filetert, må du gjere det. Pass på at mest mogleg av bein er vekke og skinnet skal av. Ha fisken i litt folie som du ligg i ei eldfast form. Skjer opp så mykje grønsaker som du vil ha og fordel dette på fisken. Ha på ein klatt smør og evt. litt pesto/rjome e.l.
Steik midt i omnen på 200 grader i 20-30 min (du må rett og slett følgja litt med på steiketida). Det går litt raskare dersom du t.d. vel å koka potetene ved sidan av.
Det var dagens sunne tips frå meg i 2013!
Ha ein fin dag!
~Solfrid~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar