Og som de veit var eg jo på stoff & stil for ei tid tilbake.
Det resulterte i at ein gamal sengekant fekk nytt liv;
Gamal sengekant
Diverse innkjøp til sengekant
Undervegs i sy prosessen. Eg spretta opp det gamle stoffet og kasta det. Så la eg nytt stoff rundt vatten og festa det med knappenåler. Så sydde eg ein kant på eine sida for å festa stoffet. Deretter sydde eg ein ekstra kant (med det lilla bandet på bilete over) på eine langsida og begge kort sidene.
Nesten ferdig kant! Eg sydde også på band oppe og nede (tosidig) for å festa kanten til senga med noko.
Ferdig sengekant på plass i senga! Og for dei som måtte lura; det var ikkje vanskeleg. Eg brukte to kveldar på det (då hadde eg også litt trøbbel med symaskina)...Og så er det jo veldig kjekt når ein er ferdig å faktisk kan seie at dette har eg sydd sjølv!
~Solfrid~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar