søndag 27. januar 2013

"Pikekyss"

Gårsdagens "bakejobb" resulterte i 8 eggekviter til overs - og ein god unnskulding for å laga "pikekyss". Resultatet vart fryktleg mange rosa pikekyss på kjøkkenet mitt (og enno lagde eg ikkje av alle eggekvitane då eg ikkje såg nokon ende på det prosjektet...). Her kjem oppskrifta (noko redusert i mengden, då eg ikkje trur det er så mange som har behov for å laga så mange brett med pikekyss... Sjølv om dei smakar godt då :)).

"Pikekyss"
3 eggekviter
1/4 ts sitronsaft
1/8 ts salt
2 ts vaniljeessens
115 g sukker
Pastafarge/konditorfarge e.l.

Ha eggekvitene, sitronsaft, salt og vaniljeessens i miksarskåle. Køyr i miksaren til du får ein stiv masse, ha sukker i litt og litt. Ha til slutt i farge og bland denne godt inn. Ta massen over i ein sprutepose med stor spiss. Sprøyt små toppar utover eit bakepapirkledd steikebrett. Steik i omnen på 100 grader i ca. 45 min. La pikekyssene stå ein time i omnen etter dei er ferdig steikt til tørking.


Ha ein fin søndag - kanskje med nokre pikekyss?

~Solfrid~

2 kommentarer:

  1. Sjelden ein dum ting å ha ein unnskyldning for å MÅTTA baka;) Eg blei mest nysgjerrig på kva du brukte 8 eggeplommer til eg? Synes alltid eg har eggeplommer til overs... Som no, når eg fekk lyst å laga pikekyss igjen!;)

    SvarSlett
  2. Hehe, nei det er sant :) Hadde ei "bestilling" på tebrød, så eg lagde vaniljekrem av dei 8 eggeplommene :) Elles så er eg einig med deg - det er som regel motsett.

    SvarSlett