lørdag 5. januar 2013

Alternativ ribbe

Har du ein rest ribbe att etter jul?
Er du kanskje litt lei den tradisjonelle varianten?
Eller kanskje du er ute etter inspirasjon til neste jul?
(eg tek ikkje høgde for at nokon kanskje ikkje er interessert i ribbe)!

Eg fall vel i kategori to; eg var litt lei den tradisjonelle varianten. Takka vera pappa som kom i kategori ein; han hadde ein ribberest som me var heldig å få - vart det prøvd ein ny variant ribbe her i huset.

Mor var skeptisk, far synes det lukta godt i huset...
Mor var redd det vart for lite ribbe...
Konklusjon etter endt måltid;
Alle var mette, ribba smakte annleis og godt.
Det var til og med litt igjen til pusane.
Dette kan me trygt servera neste jul og!

Dutreng til 6 personar:

Ca 3 kg ribbe
Solid kjøkkenhyssing
2 ss flaksalt
2 ts heil svart pepar
1 ss sitronskal
1/2 ts chilipulver
4 ss hakka frisk rosmarin
2-4 kvitlauksfedd, finhakka

Framgongsmåte:
Knus alt krydderet. Hakk kvitlauksfedden for seg og bland deretter alt godt saman.
Snitt svoren på ribba (lag 1 cm tjukke striper godt ned i feittet. Stripene må gå same veg som kjøtet skal rullast).
Skjer ut alle beina, og gni krydderblandinga godt inn i kjøtet. Rull kjøtet saman og knyt med ein hyssing. Gni litt olivenolje på heile rullen og litt salt. Legg den på ei rist i ei eldfast form.
Ha eit par cm med vatn i forma og dekk med aluminiumsfolie. Damp ribberullen på 200 grader i 1 time. Fjern folien og steik vidare på 180-200 grader i  ca. 2 timar. Treng svoren litt ekstra tid, kan du skru opp temperaturen siste tida - MEN då må du følgje med heile tida! :)

La rullen kvila i ca. 10 min før du skjer den opp (eg fann ut at det var lurt å skjera litt tjukke skjever for  at rullen skulle hengja best mogleg saman).


Server med kokte poteter, raudkål, svisker og epler - til dømes.




No har eg ein deig som står til heving - kanskje det kjem ei oppskrift på rundstykker her...

 
 
 
Ha ein fin lørdag!

~Solfrid~





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar