Resultatet av ein deig til heving på lørdag vart ei rundstykkekake.
Smakar supert rett frå omnen når du får besøk eller om du berre vil kosa deg med ferske rundstykke!
Du treng (passar til ei rund 28 cm form):
75 g smør
2,5 dl vatn
2,5 dl mjølk
50 g gjær
1 l mjølblanding (eg brukte grovbakst, sammalt kveite grov og sammalt rug grov)
1 ts salt
Egg til pensling
Solsikkekjerner
Framgongsmåte:
Smelt smøret og ha i væska. Løys gjæren opp ved 37 grader.
Bland alt det tørre i ein bolle. Ha væska uti.
Bland alt godt saman og set deigen til heving i 1 time (dobbel storleik).
Ta deigen ut av bollen og kna den litt. Del i to emner. Trill ut ei lang pølse og del opp i små emner som du triller ut til små boller. Legg bollane i ei smurt kakeform. Etterhev i ca 15 minutter. Pensl med egg og strø litt solsikkekjerner over. Steik nedst i omnen på 200 grader i ca 25 min. Avkjøl på rist.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar